JOBBAR MED Å FINNA ÅRSAKA: Statens havarikommisjon jobbar med å finna årsaka til at det tok til å brenna i eit vogtog inne i Gudvangatunnelen natt til 30. mars. Slik såg det utbrende vogntoget ut etter brannen. (Foto: Politiet)

Usikkert om dei finn årsaka til brannen

Statens havarikommisjon veit framleis ikkje kvifor det byrja å brenna i eit vogntog inne i Gudvangatunnelen.

Publisert 17.04.2019 kl. 18.24. Oppdatert kl. 18.27.

Det skriv NRK.


- Det kan ta tid, og det er ikkje sikkert at me finn årsaka til brannen, seier inspektør Per Olav Hetland i Statens havarikommisjon for transport.


Natt til 30. mars tok det til å brenna i eit vogtog inne i Gudvangatunnelen. Over 30 personar vart evakuerte, fire vart sende til sjukehus.


- Dersom det ikkje er noko me ser av restane, kan det vera mange feilkjelder som kan ha ført til brannen, seier Hetland.


Havarikommisjonen i gang med å undersøkja det utbrende vogntoget, men dei undersøkjer også tryggleiksutstyret i tunnelen, evakuering og redningsarbeid. Dei vil også sjå brannen i samanheng med dei tidlegare brannane i tunnelen.


Les meir om: Nyhende Aurland