HELSEUTFORDRING: - Det er svært urovekkjande at desse tala stadig viser ein så markant nedgang i studenthelsa, seier Bjørn Olav Østeby, leiar av Studenttinget på Vestlandet. (Pressefoto)

Uroa over at fleire studentar slit psykisk

Meir enn ein av fire studentar slit med psykisk helse.

Publisert 05.09.2018 kl. 15.45.

Tala frå Studentenes Helse- og Trivselsundersøkelse (SHoT) vart publiserte onsdag. Årets undersøking viser at meir enn 1 av 4 studentar (29 prosent) rapporterer om alvorlege psykiske symptomplager, mot 1 av 5 i 2014 og 1 av 6 i 2010.


- Det er svært urovekkjande at desse tala stadig viser ein så markant nedgang i studenthelsa. Her trengs det større politisk vilje i både stat og kommune for å imøtekoma studentane sine behov, seier leiar av Studenttinget på Vestlandet Bjørn Olav Østeby, i ei pressemelding.


Sidan 2014 har det blitt sett i gang ei rekke tiltak, blant anna gjennom økonomiske løyvingar. I tillegg har studentsamskipnadene hatt stort fokus på psykisk helse, og fleire samskipnader, inkludert Studentsamskipnaden på Vestlandet (Saman), tilbyr no gratis psykisk helsehjelp for studentar. Østeby påpeiker at dette tilbodet er i hovudsak finansiert gjennom semesteravgifta, altså av studentane sjølve. 


- Resultata må følgjast opp

- Det er kritikkverdig at studentar finansierer sine eigne helsetenester, all den tid me er stolte over å leva i eit velferdssamfunn. Studentane utgjer ei stor samfunnsgruppe, og er dei som skal føra nasjonen vidare. Denne samfunnsgruppa er blitt neglisjert i altfor lang tid, og no treng me meir enn gode ord frå stat og kommune, held Østeby fram.


Det å vera student er for dei fleste starten på eit nytt tilvære. Dette er ikkje like enkelt for alle, og blant anna oppgir 1 av 3 studentar at dei ofte opplever einsemd.


- Det er viktig at dei resultata me no ser blir følgde opp av stat, vertskommunar og utdanningsinstitusjonar. Me treng målretta tiltak mot den uheldige utviklinga me ser. Alle studentar skal bli møtte med eit inkluderande læringsmiljø, i vertskommunar som er villige til å prioritera ressursar på tiltak for studentar, seier Østeby.


HVL omtrent på snittet

Også prorektor Bjørg Kristin Selvik ved Høgskulen på Vestlandet har uttalt seg om undersøkinga. Ho er uroa over at mange slit psykisk.

- Eg er særleg uroa over at så mange melder om dårleg psykisk helse, og at dette har auka sidan sist. Undersøkinga viser også at mange stiller store krav til seg sjølve, seier Selvik i uttalen.

På landsbasis seier nær ein av tre studentar at dei kjenner seg einsame ofte eller svært ofte. Høgskulen på Vestlandet ligg omtrent på same snittet, men med enkelte variasjonar mellom campusane.

Samstundes trekkjer Selvik fram at nye studentar føler seg godt mottekne på HVL.

- Det er gledeleg at studentane våre føler seg godt mottekne og har stor grad av trivsel, seier Selvik.

HVL scorar høgare enn landssnittet på alle campusar på når det gjeld mottak av nye studentar.