URNESPORTALEN: Den unike portalen på nordsida av Urnes stavkyrkje, er ein av fleire gjenstandar som har stått i ei tidlegare kyrkje på Ornes. (Arkivfoto)

Urnes autorisert som verdsarvsenter: - Gledeleg melding

- Dette er ein dag å feira, sa generalsekretær Ola Fjeldheim i Fortidsminneforeninga då meldinga kom.

Publisert 25.10.2019 kl. 15.03.

Urnes stavkyrkje feirar at det i år er 40 år sidan dei kom med på verdsarvlista til UNESCO. Det har lenge vore planar om eit eige verdsarvsenter på Ornes, og no er planane formelt godkjende av Miljødirektoratet.


Viktig for lokalsamfunnet

- Avgjerdsla betyr mykje for folk på Ornes, for Luster kommune, regionen og oss i Fortidsminneforeninga. Autorisasjonen av Urnes verdsarvsenter er starten på ei svært spennande utvikling av Urnes og lokalsamfunnet rundt, med planar for bygging av besøksenter med eit breidt tilbod til dei besøkjande, seier Fjeldheim.


For å verta autorisert må ei rekkje krav oppfyllast. Miljødirektoratet seier i si grunngjeving at Fortidsminneforeninga på ein god måte har gjort greie for korleis senteret oppfyller krava, og gir derfor autoriasjon til Urnes verdsarvsenter for ein periode på fem år.


Statlege pengar

Det at verdsarvsenteret no er godkjent, utløyser statlege midlar til drift.


- Det betyr ei styrkjing som gjer at tilbodet til besøkjande, og formidling av verdsarven, kan vidareutviklast gjennom ei rekkje tiltak, skriv Fjeldheim på nettsida til Fortidsminneforeninga.


Les meir om: Kultur Nyhende Luster