MANGE: 78 prosent av alle kvinner under 30 år har handla klede på nett dei siste 12 månadene, syner ei undersøking gjort av Respons analyse.

Unge kvinner handlar mest på nettet: - Me var klar over trenden, men vart litt overraska over tala

71 prosent av oss handla på nett i fjor. De ivrigaste er kvinner under 30 år.

Publisert 11.02.2019 kl. 15.33.

- Tala er tydelege: Driver du en klesbutikk på nett, eller nettbutikk generelt, så er unge kvinner den målgruppa du må satsa på, seier dagleg leder i webbyrået Digitroll, Patrick Dahl.


Kjøper klede

Webhandel-sjefen har jobba med netthandel i tjue år, og lèt seg sjeldan overraska over trendar og undersøkingar. Men tala han no har fått frå Respons analyse, overraskar han.


- Me var klar over trenden, men vart litt overraska over at tala i undersøkinga viser at 78 prosent av alle kvinner under 30 år har handla klede på nett dei siste 12 månadene. Me visste at unge kvinner er ei aktiv handlegruppe på nett, men at det skulle vera så mange prosent hadde me ærleg tala ikkje trudd. Menn under 30 år er litt meir beskjedne når det gjeld kleskjøp på nett. Der er tala 34 prosent, seier Dahl.


Tek att på elektro

Undersøkinga viser også at sjølv om kvinner likar å shoppa klede på nett, så er menn meir aktive på nett når det gjeld elektronikk.


- Me ser kanskje eit tradisjonelt kjønnsrollemønster her, men 33 prosent av menn oppgjev å ha handla elektronikk på nett dei siste månadene. Berre 14 prosent av norske kvinner handlar elektronikk på nett.


Dei eldre

Webhandel-sjefen understrekar at undersøkinga viser at dei over 60 år også handlar mykje på nett.


- I aldersgruppa «over 60» seier 38 prosent at dei har handla på nett det siste året. I aldersgruppa under, dei mellom «45-59 år» oppgjev 77 prosent at dei har handla på nett. Dei tala er også høge. Og det viser at «den sølvgrå generasjonen» ikkje bør gløymast dersom du driver nettbutikk.


Fysiske butikk

Dahl trur ikkje nødvendigvis auken i netthandel betyr at den fysiske butikken døyr ut. Tvert i mot er netthandel ein unik sjanse til å styrka den fysiske butikken, seier han.


- Om me følgjer trenden frå USA, så ser me tydeleg at stadig fleire handlar varer og tenester over nett. Den tradisjonelle, fysiske butikken får stadig tøffare konkurranse. Men eg meiner at sjølv om tala for netthandel går opp, vil den fysiske butikken overleva. Det handlar i mange tilfelle om å la nettbutikken vera «innkaster» til den fysiske butikk også. Då får ein kundar i begge kanalar.


Les meir om: Nyhende