TIL TOPPS: Ungdomsbedrifta ShoeSaver UB frå Årdal vgs gjekk til topps under fylkesmessa tysdag. F.v. Eivind Husabø (UE Sogn og Fjordane), Anders Lereng, Ørjan Sunde Vik, Mathias Rinde, Holger Aasen (UE Sogn og Fjordane), Hans Skogli. (Foto: Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane)

Ungdomsbedrift frå Årdal skal til NM

Med spesiallaga festivalsko gjekk ShoeSaver UB til topps på fylkesmessa for ungdomsbedrifter.

Publisert 14.03.2017 kl. 18.39. Oppdatert kl. 20.59.

Fylkesmessa 2017 for ungdomsbedrifter gjekk av stabelen i Førde 14. mars. I alt åtte bedrifter konkurrerte om å bli «Beste ungdomsbedrift 2017», går det fram av ei pressemelding frå Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane.


Vinnarane vart ShoeSaver UB frå Årdal vgs. Produktet deira tek sikte på å verna sko mot søppel, væte og gjørme når ein er på festivalar. Bedrifta skal dermed representera Sogn og Fjordane i NM for ungdomsbedrifter 4. og 5. mai på Lillestrøm.


Grunngjeving

Dette seier juryen om vinnarane i si grunngjeving:

«Bedrifta har levert ein fyldig og god dokumentasjon i delrapporten, med god fokus på metode og teori. Bedrifta scorar godt på kreativitet og innovasjon, og det er lett å sjå eit stort potensiale for produktet, som igjen vil kunne gje høg verdiskaping. Læringseffekten har vore stor, frå spennande idemyldring, utvikling av prototype, finne internasjonal produsent og gjennomført marknadsundersøking som viser ein marknaden og betalingsvilje. 

Dei har teke miljø og bærekraft på alvor og skissert returordning som eit viktig del av forretningsideen.
Bedrifta hadde ein god presentasjonen, der dei tidleg skapte interesse hos publikum som såg produktet sin nytteverdi, med god bruk av visuelle hjelpemiddel og bruk av selskapet sin logo.
I samtale på standen og presentasjonen viser personane i selskapet stort engasjement og glød over det dei held på med, og stor tru på selskapet si framtid. Oppsummert: Beste ungdomsbedrift har vore innovativ og fått fram eit produkt med stort potensiale. Dei viser at dei handterer alle sider i ei innovativ bedrift, og dei har også teke miljø på alvor.»


Fleire prisar

Øvrige vinnarar på Fylkesmessa var : 


1. plass Beste marknadsføring: ShoeSaver UB, Årdal vgs


2. plass Beste marknadsføring: Bit'n Byte UB, Hafstad vgs


1. plass Beste HR bedrift: ShoeSaver UB, Årdal vgs


2. plass Beste HR bedrift: Smak av verden UB, Måløy vgs


1. plass Beste utstilling: Agricultura UB, Mo og Øyrane vgs


2. plass Beste utstilling: Multifix UB, Eid vgs


1. plass Beste produkt : ShoeSaver UB, Årdal vgs


2. plass Beste produkt : Multifix UB, Eid vgs


1. plass Beste teneste: Bit'n Byte UB, Hafstad vgs


2. plass Beste teneste: Smak av verden UB, Måløy vgs


1. plass Innovasjonsprisen: ShoeSaver UB, Årdal vgs


1. plass Beste forretningsplan: ShoeSaver UB, Årdal vgs


1. plass Beste rekneskap: Focus UB, Sogndal vgs


1. plass Beste sosiale entreprenør: Mangfold UB, Flora vgs


2. plass Beste Ungdomsbedrift: Bit'n Byte UB, Hafstad vgs


Elevbedrifter

Beste elevbedrift:


1. plass Festarane EB - Gloppen usk 


2.plass Matkrukjen EB - Halbrend skule


Beste stand og utstilling: 


1.plass Festarane EB- Gloppen -Ungdomsskule


2 plass IGNIS EB - Eikefjord skule


Klima- og miljøprisen:


1.plass Halbrend Røykeri EB - Halbrend skuke


Beste lokalsafmfunnsprosjekt:


1.plass Festarane EB - Gloppen ungdomsskule


2.plass Med hjarte for eldre EB - Eikefjord skule


Beste idé eller produkt:


2.plass Naustdalskoppen  EB - Naustdal barne og ungdomsskule


Les meir om: Nyhende Næringsliv Ung Årdal

Siste saker Gå til framsida