Ung sjåfør brukte mobil - førarkortet rauk

Ein ung bilførar mista onsdag kveld førarkortet under køyring i Sogndal sentrum.

Publisert 14.08.2019 kl. 21.44.

UP oppdaga at sjåføren brukte mobilen under køyringa. 


- Dei som har hatt førarkortet mindre enn to år er ekstra sårbare i prøveperioden. Føraren har vore borti forhold tidlegare og no fått såpass mange prikkar at han mista førarkortet, seier politibetjent Erik Skjerdal i UP. 


Han minner om at ein blir belasta med dobbelt så mange prikkar i prøveperioden. 


- Normalt får ein to prikkar ved bruk av mobiltelefon. Denne unge, mannlege føraren fekk fire i dag og var dermed oppe i ti prikkar, seier Skjerdal. 


Fem andre førarar fekk forenkla førelegg for mobilbruk under same kontroll.


 


 


Les meir om: Nyhende Sogndal Trafikk