Ung mann slo seg vrang på utestad

Publisert 12.10.2019 kl. 07.53.

Ein mann i byrjinga av 20-åra laga kvalm på ein utestad i Sogndal natt til laurdag.


Politiet fekk melding klokka 02.15 om at mannen nekta å gå frå staden, og det vart sendt ein politipatrulje kom for å ordna opp. 


Då patruljen gav mannen beskjed om å forlata staden, gjorde han det.


Politiet fekk rett over midnatt også melding om skadeverk på eit hus i Sogndal sentrum. Ei flaske vart kasta mot huset, med ei knust rute som resultatet.


Politiet veit ikkje kven som står bak dette, men reknar med saka blir meldt. 


Les meir om: Nyhende Politi Sogndal

Siste saker Gå til framsida