SOM FØR: Det blir to UKM-festivalar i Vestland fylkeskommune neste år, ein for kvar av dei to gamle fylka. Her er bandet Hard to Live frå Leikanger som stod på scena under UKM i fjor. (Arkivfoto)

UKM ventar med å tilpassa seg ny fylkesgrense

Vestland får to UKM-festivalar i 2020.

Publisert 04.10.2019 kl. 15.00.

Den store Ung kultur møtest (UKM)-helga i Vestland i 2020 blir 24.-26. april. Då blir det UKM Vestland-festival i Nordfjordhallen i Måløy og på Voss kulturhus på Voss.

- Det blir store endringar for mange i 2020. Me har difor valt å endra minst mogleg på UKM på fylkesnivå. Det er viktig at fylkesfestivalen er føreseieleg for både ungdommen som skal delta, og dei som har ansvar for arbeidet i kommunane. Så får eventuelle endringar koma etter kvart, seier Siri Ingvaldsen, seksjonssjef for kulturformidling i Vestland.

Gamle fylkesgrenser
Det er difor naturleg å nytte dei gamle fylkesgrensene som styrande for kven som skal delta på kva festival. Deltakarar frå dagens Sogn og Fjordane deltek i Måløy, medan deltakarar frå dagens Hordaland deltek på Voss, går det fram av ei pressemelding frå fylkeskommunen.

Kring 250 ungdommar er venta til kvar av festivalane, som begge vil ha sceneframsyningar, utstilling, workshops og sosiale aktivitetar for deltakarane.


Møteplass

UKM skal vera ein møteplass for ungdom mellom 13 og 20 år, der ein kan delta med alle slags kulturuttrykk, men også som konferansierar, i UKM Media eller som unge arrangørar. Ungdommane deltek først i eigen kommune.


Påmeldinga til UKM 2020 opnar 1. november.


Les meir om: Nyhende Kultur Ung