Det var rimeleg dramatisk for det tyske ekteparet.(Foto: Anders Frydenlund)

Tysk bubil i lause lufta under Stegastein

Det gjekk, utruleg nok - bra for det tyske ekteparet i denne bubilen.

Publisert 06.07.2019 kl. 13.49. Oppdatert kl. 16.04.

- Det var nok den høge støypekanten sm berga dei, seier bilbergar Anders Frydenlund.


Det var han som fekk bubilen inn att på fast  i går ettermiddag.


 


Det var eit eldre tysk ektepar som var i bubilen som hamna i den dramatiske situasjonen ved Ås,  eit utsiktspunkt eit lite stykke nedanfor Stegastein i Aurland.


- Bubilen rygga og kom utfor kanten. Truleg stoppa bubilen av seg sjølv på den høge støyepekanten., seier Frydenlund.


Då bilen vart ståande fast,  gjekk ekteparet ut og og oppdaga kva som kunne ha skjedd. Då steig pulsen kraftig, vil me tru -og bilberging vart rekvirert.


No kom både ekteparett og bubilen frå episoden i Aurland utan ei skramma. Men med eit dramatisk bilete som kan vera noko å ha på veggen som ei minne om korleis det kan vera å køyra bubll i Sogn.


Og så er det ei klar åtvaring om å sjekka før du set bubilen i revers...


Les meir om: Nyhende Aurland Samferdsle