Åtvarar mot glatte vegar i Lærdal

Publisert 16.01.2019 kl. 20.00.

Vegtrafikksentralen melder om fare for glatte parti på riksveg 5 mellom ferjekaien på Fodnes via Lærdal og Håbakken og heilt fram til Borlaug på grunn av regn som frys på bakken.


Fleire bilar skal ha køyrt i grøfta.


- Det var litt prekært tidlegare. Nokre vogntog hadde problem oppover dalen. Eitt køyrde rett fram i ein slakk sving på Tønjum, og måtte ha bilbergar onsdag ettermiddag, seier trafikkoperatør Roger Nedberge Hille. 


Entrepenøren har hatt alt mannskap ute for å brøyte og strø i området, men det har vore mykje å ta unna.


- Det snødde heftig i eit par timar, og då kom det kring 20 cm med snø i Lærdal. Det er mykje på ein gong.


Nedberge Hille gjer merksam på at det også er glatt i retning Voss.


 


 


Les meir om: Nyhende Notis Lærdal