Åtvarar mot glatte vegar: - Regnet vaskar vekk saltet

Publisert 01.12.2019 kl. 21.18.

Vegtrafikksentralen åtvarar mot glatte vegar på Vestlandet søndag kveld.


Vêrforholda er vanskelege for entreprenørane.


- Nedbør vaskar ut saltet, som strøbilane våre har lagt ut. Alle strøbilar er ute, men det blir ein evig kamp så lenge det regnar eller sluddar, melder Vegtrafikksentralen, som oppmodar trafikantane til å køyra varsamt.


- Sidevegar er spesielt utsette.


Vegtrafikksentralen har førebels ikkje fått mange meldingar om glatt vegbane i Sogn og Fjordane, men har fått ei handfull, mest frå ytre strok. Også frå område langs nordsida av Sognefjorden, mellom anna Høyanger og Vadheim, fekk dei meldingar om glatte vegar tidlegare på søndagen.


 


 


 


Les meir om: Nyhende Trafikk