Åtvarar mot ferietur om ein er sjuk

Publisert 10.07.2019 kl. 16.28.

Over halvparten av nordmenn vil reisa på ferie sjølv om dei er sjuke - det kan føra til økonomisk ruin, skriv forsikringsselskapet If i ei pressemelding.


Dersom ein er sjuk på utreisetidspunktet og sjukdomen vert forverra på reisa, vil reiseforsikringa normalt sett ikkje dekka kostnadane, opplyser Europeiske reiseforsikring. Ein reiseforsikring dekkjer både transportutgifter, legebehandling og medisinar, men berre dersom sjukdomen oppstår uventa og akutt.


- Dersom du er klar over at du er sjuk før du reiser, vil det normalt sett ikkje vera dekt av reiseforsikringa om sjukdomen vert forverra på reisa. Me ønsker å gjera folk merksame på den økonomiske risikoen dei utset seg for dersom dei reiser når de sjuke, seier Jon Berge, informasjonsdirektør i Europeiske Reiseforsikring, ein del av If.


Les meir om: Nyhende Helse Notis