VER PÅ VAKT: - Ved å ta nokre enkle forholdsreglar kan liv bli spart, seier president Claire Alfonso i Norges Livredningsselskap. (Pressefoto)

Åtvarar mot farleg is - ber folk vera på vakt

- Sterke temperatursvingningar gjer at isen er usikker, og då må folk visa sunn fornuft og kjenna sitt isvit.

Publisert 19.11.2018 kl. 18.45.

Det seier president Claire Alfonso i Norges Livredningsselskap i ei pressemelding.


Norges Livredningsselskap rår alle til alle å læra isvitreglane, og meiner at folk flest har eit behov for auka kunnskap i å ferdast på isen.


Farleg is no

Det er haust, vinteren er i gang og mange stader og isen er stort sett ikkje trygg å ferdast på.


- Kvart år druknar det menneske i Norge fordi dei feilreknar isen. Ved å ta nokre enkle forholdsreglar kan liv bli spart, sier Alfonso. Ho fryktar at fleire vil falla for freistinga til å gå ut på den ferske isen.


- Dette er spesielt alvorleg når snøen legg seg på isen. Det kan gje inntrykk av at isen er trygg, men i realiteten kan isen gi etter om ein er på feil stad, seier ho og legg til at førebuingar, utstyr og kunnskap er viktig, og spesielt eigne ispiggar. - Alle skal kunna nyta naturen, spesielt på hausten, men det krev kunnskap og rett utstyr, seier Alfonso.


Isvitreglane

1. Ha respekt for isen


2. Ikkje gå ut på isen uten å kunna symja


3. Ta med deg skikkeleg og tilstrekkeleg tryggleiksutstyr


4. Gå fleire i følgje. Er de mange, gå litt spreidde


5. Hald deg på sikker is


6. Ver spesielt merksam på snødekt is og årstidsendringar


7. Bruk alle sansane, lytt etter lydar i isen


8. Dersom du går igjennom isen, ikkje få panikk


9. Dersom andre går gjennom isen, hald avstand


Les meir om: Nyhende Natur og miljø

Siste saker Gå til framsida