Turistar henta opp i redningshelikopter

Publisert 22.08.2019 kl. 13.46. Oppdatert kl. 14.46.

Det vert leita etter to franskmenn i Lundebotn ved Kjøsnesfjorden, opplyser politiet på Twitter klokka 13.38 torsdag.


- Det er usikkert kva nøden er, men me trur ein av dei er skadd, og at dei er i nærleiken av ein foss, skriv politiet.


Politi og luftambulanse er i området, og hovudredningssentralen er varsla.


Ifølgje NRK har den eine av dei to turistane ramla utfor ein foss.


- Vedkommande kontakta sjølv politiet, og seier han ramla kring 20 meter ned eit elveleie, seier vaktleiar Frode Eide ved Alarmsentralen til NRK.


Klokka 14.16 melder politiet at eit helikopter no har lokalisert personane, og dei er i ferd med å få fysisk kontakt med dei to.


Klokka 14.23 melder politiet at redningshelikopteret er i ferd med å henta opp mennene, og at skadeomfanget er ukjent. Kort tid etter opplyster politiet at redningshelikopteret er på veg til sjukehus, og at dei berre har fått melding om at ein av dei to er skadd.


 


Les meir om: Nyhende Notis Politi