AVSLUTTA KONFERANSEN: Turid Haga Vange og Reidar Almås avslutta den to dagar lange landbrukskonferansen med kvart sitt føredrag frå ulike ståstadar - bonden sitt og forskaren sitt. (Foto: Birthe Johanne Fredheim Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Turid har droppa rundballeplast på garden - inspirerte tilhøyrarane på landbrukskonferanse

Turid Haga Vange, bonde i Vik, driv garden økologisk og mest mogeleg klima- og miljøvenleg.

Publisert 11.09.2019 kl. 14.29. Oppdatert kl. 14.36.

Turid Haga Vange (33) tok imot sit første kalv då ho var seks år og driv no slektsgarden på Vange i Vik. Garden har vore driven økologisk sidan 1989, og eitt av dei siste miljøtiltaka Vange har gjort, er å byggja ny tårnsilo. Stort sett alt fôr blir lagt i silo, bortsett frå noko til tørrhøy. Rundballeplast er det dermed ikkje å finna på garden.


Vange er inspirasjonsbonde i prosjektet Landbrukets Økoløft, som skal bidra til auka produksjon av økologiske landbruksprodukt i Noreg.

KLIMA: Rundt 150 deltakarar hadde teke turen til Sogndal for å læra meir om klimakloke val i landbruket. (Foto: Birthe Johanne Fredheim Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Satsar

Ho deltok på landbrukskonferansen Klimaklokt vestlandslandbruk i Sogndal 3. og 4. september. Her fortalde Vange dei rundt 150 deltakarane om korleis det er å driva økologisk og mest mogleg klima- og miljøvenleg på ein vestlandsgard på 500 dekar med 40 kyr og 16 slakteoksar.


Ho ser både fordelar og utfordringar med økologisk drift, men det er her ho vil skapa framtida si. Etter innlegget hausta ho både godord og fleire klapp på skuldra frå dei andre i salen, går det fram av ei pressemelding frå fylkeskommunen.


Trur på framtid

Også forskar Reidar Almås trur på framtida for norske bønder, òg dei som produserer kjøt. I ei tid der stadig fleire et stadig mindre kjøt, forfektar han at eit måltid med raudt kjøt og norske poteter og grønsaker er både klimavenleg og berekraftig.

- Det er matsvinn å lata halvparten av kaloriane i utmarka gå til spille, slo han fast under konferansen.


Det folk vil ha

Almås er seniorforskar ved Institutt for rural- og regionalforskning (RURALIS) og professor emeritus ved NTNU og har brukt store delar av karrieren sin på å forska på norsk landbruk og norske bygder. Han ser fleire utfordringar for landbruket som følgje av klimaendringane og trur noko av svaret er å spela på lag med vêret og produsera det folk vil ha.


- Eg trur eit allsidig og multifunksjonelt landbruk er svaret på korleis landbruket kan tilpassa seg klimaendringane og det grøne skiftet. Bøndene må driva kunnskapsbasert, klimaklokt og energigjerrig. Dessutan må planteprodusentane kjenna si besøkelsestid i ei tid der fleire definerer seg som veganarar og fleksitarianarar, som innimellom droppar kjøt, fisk, mjølk og egg, sa Almås.


Klima

Dei om lag 150 deltakarane på konferansen, som er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Vestland, var i hovudsak tilsette i kommunane. Det er dei som skal rådgje og hjelpa vestlandsbøndene inn i framtida - og då er klima eit stikkord på fleire måtar. Landbruket må både tilpassa seg eit endra klima, samstundes som dei må redusera utslepp frå gardsdrifta, vert det peika på i pressemeldinga.

- Me hadde inspirerande innlegg og gode diskusjonar desse to dagane. Det var kjekt og lærerikt. Målet er at deltakarane no tek med seg ny kunnskap heim og set denne ut i praksis, slik at bønder på heile Vestlandet lærer seg å gjera klimakloke val i kvardagen sin, seier arrangørane.


Les meir om: Nyhende Landbruk Vik