Tunnelar stengde grunna bilberging

Publisert 06.09.2018 kl. 16.49. Oppdatert kl. 17.26.

På E16 i Aurland vart Flenjatunnelen stengd torsdag.


Årsaka var bilberging, meldte Vegtrafikksentralen klokka 16.48.


Gudvangatunnelen vart også stengd som følgje av bilberginga.


Klokka 17.25 meldte Vegtrafikksentralen at tunnelane var opne for trafikk igjen.


I 19-tida stengde Flenjatunnelen att fordi vogntoget som hadde hatt problem tidlegare skulle hentast ut av bilbergar. Vogntoget hadde i mellomtida stått i ei lomme og det hadde difor vore fri ferdsel, blir det opplyst hjå Vegtrafikksentralen. 


Les meir om: Nyhende Aurland Notis Trafikk