KØ: Det har danna seg kø ved Finnsåstunnelen. (Foto: Jan Egil Fimreite)

Tunnel måtte stengjast grunna stein i vegbana

Publisert 07.12.2018 kl. 10.36. Oppdatert kl. 11.15.

Klokka 10.26 melde Vegtrafikkentralen at Finnsåstunnelen på fylkesveg 53 mellom Fodnes og Årdalstangen i Sogn og Fjordane var stengd grunna opprydningsarbeid.


- Det er stein i vegbana. Me må sjekka om det kjem frå taket eller om det er nokon som har mista last, sa Kristian Fauskan på Vegtrafikkentralen.


Det var folk som såg steinane i tunnelen som ringde inn og melde frå.


- Det skal ikkje vera så store steinar, så det kan vera pukk som har ramla av ein tilhengar, men me må sjekka det ut, sa Fauskan.


Entreprenøren vart send til staden, og litt etter klokka 11 kunne tunnelen opnast att.


Steinane har ikkje ramla ned frå tunneltaket, vert det opplyst frå Vegtrafikksentralen.


Les meir om: Nyhende Trafikk Årdal

Siste saker Gå til framsida