På KAIEN: Vegvesenet var onsdag mellom anna på plass på kaien i Flåm der dei kontrollerte turistbussar. Her er kontrollør Svein Ove Salt. (Foto: Arne Veum)

Åtte turbussjåførar melde til politiet

Storkontroll av turbussar onsdag.

Publisert 19.06.2019 kl. 09.37. Oppdatert kl. 11.13.

Utekontrollgruppa i Sogn og Fjordane i Statens vegvesen var samla i sogneregionen onsdag, og gjennomførte kontroll med utgangspunkt ved kontrollstasjonen på Håbakken, Flåm brygge og fylkesveg 50 i Vassbygdi.


Hovudfokuset var kontroll av turbussar, der køyre- og kviletid, teknisk tilstand og beltebruk blant passasjerane vart kontrollert. Til saman 201 køyretøy, blant desse ein god del turbussar, var innom dei ulike kontrollplassane og vart vurderte.


- Mange køyretøy var innom kontrollplassene og hadde ting i orden. Teknisk tilstand på bussane og beltebruken var god, opplyser Bjarte Frækaland i vegvesenet.


Åtte turbussjåførar vart melde til politet for brot på køyre- og kviletidsvedtektene. Ein turbilsjåfør vart meld for ikkje å stogga for kontroll. Elles vart det skrive ut seks overlastgebyr på tilsaman 37.650 kroner, fordelt på tre bussar og tre vogntog.


Siste saker Gå til framsida