Trusselhending: Dårleg engelsk gjorde Bergen til Borgund

Publisert 10.08.2019 kl. 18.55. Oppdatert kl. 22.39.

Politiet rykka laurdag ettermiddag ut til Borgund i Lærdal etter at ein innringar melde om at ein mann gjekk rundt med ei rifle og skaut rundt seg. Det vart meldt at fleire personar sprang vekk, og gøymde seg. Meldaren snakka ikkje norsk, og var dårleg i engelsk, melder Vest politidistrikt i ei pressemelding.


Både politi og andre naudetatar vart sende mot staden, og politiet var væpna. Så viste det seg at det slett ikkje var i Borgund noko skjedde, men i Bergen. Det var altso ikkje snakk om ei alvorleg trusselhending, men ei mistyding.


Det viste seg etterkvart at det var viltnemda som var ute og skaut skada vilt i eit område der det var folk.


Politiet har vore i kontakt med både meldar og viltnemd, og begge stadfestar hendinga og staden i Bergen. Ingen personar vart skadde, og politiet vil ikkje følgje opp saka noko meir, då dette var ei mistyding mellom etatar og personar. 


Les meir om: Nyhende Lærdal