FEKK STIPEND: Kaupanger-keeper Linn Mari Nilsen vart gratulert av foreldra, Irene Sande Nilsen og Jan Nilsen, etter utdelinga av stipendet. (Pressfoto)

Trudde ho skulle overraska faren - vart sjølv overraska med stipend

Kaupanger-keeper Linn Mari Nilsen (19) frå Sande har fått Furorestipend.

Publisert 17.09.2018 kl. 10.39.

Furorestipend

Til saman skal åtte unge talent får stipend i 2018, til no er tre delte ut:

Aleksander Raftevold (musikk)
Eivind Øygard (friidrett)
Linn Mari Nilsen (fotball)

Linn Mari Nilsen trudde ho skulle heim til Sande for ein «surprisebursdag» for faren sin, men det var ho som enda med å bli overraska. Ho vart nemleg ropt opp frå scena under Gaularmarknaden søndag fordi ho skulle få eit Furorestipend på 50.000 kroner, går det fram av ei pressemelding frå Sparebanken Sogn og Fjordane.


- Det var kjempekjekt å få dette stipendet. Eg vart veldig overraska, og hadde ikkje forventa det i heile tatt. Det vil hjelpa meg med den vidare satsinga, og eg tenkjer å bruka pengane på reiseutgifter og nytt utstyr, seier Linn Mari Nilsen.


- Eit supertalent

Nilsen har sett seg høge mål.


- Eg har alltid spelt fotball, og er glad for at eg får gjera det kvar dag. Draumen min er å komma på A-landslaget, og det målet gjev meg driv til å jobba hardt, seier ho.


Stipendet vart delt ut av Katrine Osland og Dagfrid Vallestad Brevik frå Sparebanken Sogn og Fjordane.


- Linn-Mari Nilsen er eit supertalent og eit godt førebilete. Ho har alt nådd langt i ung alder, og ho har ei lang og spanande karriere framfor seg. Me ønskjer ho lukke til vidare, og gler oss til å følgja med på ho framover, seier Osland.


- Målretta

Fagjuryen, som er sett saman av personar med brei røynsle innan idrett, kultur og næringsutvikling frå fylket, skriv i grunngjevinga at dei har hatt følgt med på keeper-talentet lenge:


«Keeper Linn-Mari Nilsen frå Sande har, til trass for at ho berre er 19 år, vore på juryen sin «radar» ei stund allereie. I 2014 vart ho tatt med i Fotballforbundet sitt satsingsprogram «Morgendagens Enere», og debuterte på J15-landslaget. Året etter vart det overgang til Kaupanger, og vidare satsing på aldersbestemte landslag. Og i år bidro ho til å ta landslaget heilt til semifinalen i J19 fotball-EM i Sveits! Juryen understrekar òg at Linn-Mari har vist seg som svært treningsvillig og målretta, og er sterk i trua på at ho kjem til å nå sine mål; som kort og greitt er å bli proffspelar og spele på A-landslaget. Juryen gler seg til å følgje med i åra framover, og ønskjer lukke til vidare!»


Tre kategoriar

Furorestipenda blir delt ut til talent frå Sogn og Fjordane i alderen 15-30 år innanfor tre kategoriar: kultur, idrett og open klasse. Summen er på 50.000 kroner og kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane, som vert forvalta av eigaren Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Fristen for å søkja gjekk ut 15. juni, heiter det i pressemeldinga.


Les meir om: Nyhende Kaupanger fotball

Siste saker Gå til framsida