Treng meir pengar til breiband

Publisert 07.11.2018 kl. 10.37.

It-forum Sogn og Fjordane (Sfj) har i ein uttale til framlegg til statsbudsjett bedd om at det blir arbeidd for å auka løyvinga til breibandsutbygging. Fleire kommunar i fylket er no ferdige med fullgodt breiband til alle. Men fleirtalet av kommunane har enno att mange husstandar som ikkje har normalt breiband.


- Regjeringa sitt framlegg om ei løyving på 99,8 millionar kroner til utbygging i heile Norge er ei nedskjering på over 30 prosent frå løyvinga i 2018. Dette er svært urovekkande og vil føra til at det tek langt tid å gje alle eit fullgodt tilbod. Me får eit svært tydeleg A og B-lag for breiband, og problema for innbyggjarane i distrikta utan fullgodt breiband, blir stadig større. Dei kan ikkje ta del i eit moderne samfunn, skriv It-forum i uttalen.


Siste saker Gå til framsida