Tre køyretøy hadde overlast

Publisert 15.08.2019 kl. 22.05.

Under ein kontroll på Håbakken i Lærdal torsdag kveld avdekte Statens vegvesen at tre av dei 15 kontrollerte køyretøya var overlasta.


Desse måtte lasta om før vidare køyring. Eitt av dei vart ilagt overlastgebyr og måtte fjerna sikthindrande gjenstandar i frontruta før køyretøyet kunne køyra vidare.


I tillegg hadde eitt vogntog tekniske manglar med bremser på bil og hengar.


Det var totalt 134 kjøretøy som var inne på kontrollplassen.


Les meir om: Nyhende Notis Lærdal Trafikk