BRANN: Laurdag starta det å brenna ein traktor på Melhus i Flåmsdalen. (Foto: Aurland brannvesen)

Traktor opp i flammer

Ingen kom til skade. Ikkje fare for spreiing.

Publisert 08.09.2018 kl. 14.10. Oppdatert kl. 15.24.

Brannmannskapa i Aurland rykte laurdag ut etter melding om at det hadde byrja å brenna i ein traktor på Melhus i Flåmsdalen. Alarmsentralen fekk melding om brannen klokka 13.10.


- Då me kom fram var traktoren heilt overtent. Føraren kom seg ut og er uskadd. Tidlegare i dag var det ein del vind i Flåm, men då  traktoren byrja å brenna var det vindstille. Det gjorde at det aldri var fare for at brannen skulle spreia seg, seier brannsjef Reinhardt Sørensen i Aurland.


Han opplyser rundt klokka 15.00 at brannmannskapet var i ferd med å avslutta ettersløkkingsarbeidet.


 


 


Les meir om: Nyhende Aurland