Trailer stod på tvers på rv. 5

Publisert 14.01.2019 kl. 11.36.

Ein trailer stod måndag på tvers på riksveg 5 i retning mot Fjærland, tre kilometer frå Sogndal sentrum.


I første melding klokka 11.30 vart det opplyst at vegen var stengd. Klokka 11.47 opplyser Vegtrafikksentralen at det er redusert framkomelegheit grunna bilberging.


Frå Vegtrafikksentralen vert det opplyst at politiet og entreprenør er på staden.


Klokka 12.21 vert det opplyst at vegen er open att etter bilberging.


Les meir om: Nyhende Sogndal Trafikk

Siste saker Gå til framsida