KJEMPEBÅL: Tradisjonen tru kan Nokkaneset by på eit ruvande bål. (Arkivfoto)

Tradisjonsrik båltenning markerer midtsommar

Opplev Leikanger inviterer til tradisjonell midtsommarfest på Nokkaneset laurdag.

Publisert 21.06.2019 kl. 12.55. Oppdatert kl. 13.26.

Jonsokbålet har ungdommane kontroll på, det er i ferd med å reisa seg og blir tent laurdagskvelden.


- I fjor var det svært tørt og litt for sterk vind. Då måtte me venta heilt til Fruktbare dagar i oktober, men me kryssar fingrane for at dette ikkje skjer i år, seier Roar Werner Vangsnes, styreleiar i Opplev Leikanger i samband med feiringa.

GJER KLART TIL FEST: Haugar av pallar låg fredag morgon klare til å bli stabla til eit stor jonsokbål ved fjorden. (Foto: Mariann Skau)

Inviterer naboar

Han fortel at midtsommarfesten i år kjem dagen før jonsokkvelden, og håpar at alle systrendingar vil ta turen til felles feiring på Nokkaneset.


-Ekstra kjekt er det om folk frå nabokommunane i vest og aust vil ta turen, seier Vangsnes.


Tradisjonen med feiring på Nokkaneset starta for ni år sidan, handlar om å samla folk til ein fin ettermiddag og kveld når sola er på sitt høgaste.


Brudepar

- Her stiller barnehagane med jonsokbrudepar. Me riggar arenaen med aktivitetar for store og små, fortel Vangsnes.


Det blir også høve til å kjøpa seg noko å eta og drikka.


- Hjarteleg velkomen til ein fin sommarkveld til det største bålet langs den mektigaste fjorden i landet, seier Vangsnes.


Les meir om: Nyhende Leikanger