BOKSLEPP OG MINITURNÉ: Oddvar Torsheim ligg ikkje på latsida. I løpet av dei næraste dagane skal han innom Førde, Sogndal, Leikanger, Voss og Bergen i samband med boksleppet. (Arkivfoto)

Torsheim ute med ny bok - kjem til Sogn

Skisser og små tekstar i skissebøkene har blitt bok.

Publisert 21.11.2019 kl. 20.20.

Oddvar Torsheim har sidan 70-talet alltid hatt ei skissebok med seg. Han har han notert flittig innfall, så tekstar og skisser som seinare kan bli utgangspunkt for kunstverk.


Skisseboka har vore med han anten han er heime, ute på dei daglege spaserturane sine eller på reise.


Samla i bok

I ei pressemelding frå forlaget Skald går det fram at no har Torsheim gått gjennom dette rikhaldige materialet samane med redaktør og formgjevar Silje Nes.


Fleire tusen sider har blitt komprimerte til ei samling der ein kanskje kjenner att noko frå kjende kunstverk, medan andre delar syner meir ukjende sider ved den mangfaldige kunstnaren.


Intensiv turné

I samband med boklanseringa legg 81-åringen ut på miniturné saman med forleggar Lars Nes.


Torsdag blir det difor lansering på kunstmuseet i Førde, fredag stiller Torsheim på signering på Norli i Sogndal før det blir lanseringsfest på Café Herman i Leikanger.


Laurdag blir det signering på Vossevangen og i Strandgaten i Bergen før Torsheim og Kjersti Mjør inviterer til søndagsmiddag på Ole Bull-huset.


Dokumentasjon

Silje Nes seier dette om kvifor skisseblokka har blitt bok:


- Når me no har samla eit utval av desse skissene og notata mellom stive permar, er det fordi me meiner dei har stor verdi som dokumentasjon av ein arbeidsprosess, men også fordi det ligg ein poesi i desse boksidene, seier ho i pressemeldinga.


Kunstnarkollega

Skissene er supplerte med samtalar med kunstnarkollega Jon Fosse, frå ei langhelg i Austerrike sommaren 2019.


Saman reflekterer dei over livet og døden, gode sko og dårlege vanar, rus og religion.


I møtet mellom dei to oppstår tankar om eigen og andre sin kunst og lesaren kjem tett på dei to kunstnarvenene, blir det opplyst.


Tema som opptek

Torsheim har lenge vore fascinert av James Joyce sitt storverk Ulysses, utan å heilt koma gjennom romanen. Joyce er berre ein av fleire kunstnarar som dukkar opp i boka. I tillegg får ein fortalt at Torsheim sjølv har vore ei av inspirasjonskjeldene til hovudpersonen i Fosse sin romanserie Septologien.


- Samtalane har ikkje som mål å forklara, men heller verka i samtale med skissebokmaterialet, der dei to kastar seg over tema som opptek dei, som kunstnarar og menneske, seier Silje Nes i pressemeldinga frå Skald forlag.