Torsdag vart fleire fly innstilte - ser lysare ut fredag

Publisert 08.03.2019 kl. 08.00.

Torsdag skapte både tekniske problem og vêret utfordringar på Haukåsen, men fredag er tilhøva langt betre.


- Så langt i dag ser det meget bra ut, me har fint vêr, fortel stasjonssjef for Widerøe, Jan Erik Foss klokka 07.50.


Torsdag måtte tre av avgangane frå Sogndal lufthamn innstillast grunna tekniske problem eller utfordrande vêrtilhøve.


- Me hadde snø og tåke som låg her, fortel Foss.


Det førte mellom anna til at flyet frå Oslo som skulle ha landa klokka 13.15, måtte omdirigerast til Florø.