Torgeir Waldemar og Sløtface er klare for Fres Festival

Publisert 14.01.2020 kl. 11.54.

Fres Festival har no fått to nye band, Torgeir Waldemar og Sløtface, til sommarens festival. 


Torgeir Waldemar har etablert seg heilt i toppsjiktet av rocka, norske trubadurar. Sløtface frå Stavanger har forlengst markert seg på det norske punkpop-kartet, skriv Fres Festival i ei pressemelding.


- Me er strålande nøgde med å ha sikra oss desse to perlene til Fres Festival 2020. Når plakaten allereie inneheld Kråkesølv, Brenn. og Tøfl, så er det lite tvil om at plakaten for 2020 ligg an til å verta ein av dei kvassaste me nokon gong har sett. Billettsalet er i gang allereie, og me vil vel ikkje seia anna enn "skjegg", "postkasse" og ver kjapp om du vil unngå den leie kombinasjonen av desse to, seier festivaladmiral Gunnar Husabø i ein pressemelding.


 


Les meir om: Nyhende Notis Musikk Vik