KINO TIL HALV PRIS: Også i år satsar Sogndal kino stor på Den store kinodagen. (Arkivfoto)

Torer du å sjå minst to skrekkfilmar? Då kan du vinna ei kinoframsyning

Ved Sogndal kino er dei klare for Den store kinodagen.

Publisert 29.10.2019 kl. 18.57.

- Me går som vanleg all-in med 29 filmar i 24 timar. Det blir masse aktivitetar og konkurransar i vestibylen og premieutdeling i salane, lovar kinoansvarleg Tor Uglum.

Det startar med skrekknatt rett over midnatt natt til laurdag.

- I løpet av natta viser me åtte skrekkfilmar. Dei som ser to eller fleire skrekknattfilmar, er med i trekninga av ei gratis privat kinoframsyning for seg og ti venner, fortel Uglum.

Frå laurdag føremiddag blir det familiefilmar til ut på ettermiddagen, så tek filmane for ungdom og vaksne over til nærmare midnatt.

- Det er norgespremiere på Familien Addams og De dødes tjern, førpremiere på Snekker Andersen og Julenissen: Den vesle bygda som glømte at det var jul og Terminator: Dark Fate. I tillegg set me opp alle filmfavorittane frå tidlegare i år, seier Uglum.


Les meir om: Kultur Nyhende Sogndal