Tok fartssyndarar på Lomelde

Publisert 28.08.2019 kl. 14.11. Oppdatert kl. 14.23.

UP gjennomførte ein fartskontroll i 60-sona på Lomelde i Sogndal onsdag.


Ni førarar fekk forenkla førelegg. Ein ung førar med førarkortet på prøve mista førarkortet for å ha køyrt i 71 km/t. For overskridinga fekk føraren fire prikkar, og samla tal prikkar på førarkortet hans bikka grensa for det som er tillate, som er sju prikkar.


Les meir om: Nyhende Politi