To turgåarar henta av helikopter

Følgje på fem fekk problem i Skårsgalden i Vassbygdi.

Publisert 21.09.2019 kl. 20.46. Oppdatert kl. 22.16.

Det vart sett i verk ein redningsaksjon i Aurlandsdalen, halvvegs mellom Østerbø og Vassbygdi laurdag kveld då ein person i eit følgje på fem personar ikkje kom seg vidare, opplyste Vest politidistrikt på Twitter klokka 18.40.

- Akkurat no ventar ein på redningshelikopteret, som er på veg. Alle har det bra, me har vore i kontakt med dei fem personane. Det er ingen av dei som er skadde, men ein av dei er litt motlaus og må bergast ned, seier operasjonsleiar Stein Rune Øyjordsbakken Helleraker til Sogn Avis klokka 20.30.

Han opplyser at det kan ta litt tid før aksjonen kan avsluttast.
- Det blir sagt at redningshelikopteret skal vera der klokka 21, det som kan ta litt tid er å finna ein stad å landa og kanskje heisa personen opp, dette veit me ikkje endå, vert det sagt.

 

Klokka 21.40 opplyser politiet at redningshelikopter er framme på staden og har lokalisert personane. 

To personar er plukka opp av helikopteret, medan dei tre andre går ned frå fjellet sjølv, opplyser politiet. 

 


Les meir om: Nyhende Aurland