To til sjukehus etter utforkøyring

To personar er involvert i ei trafikkulukke i Balestrand.

Publisert 11.07.2018 kl. 12.17. Oppdatert kl. 14.06.

Helse Førde melder klokka 12.14 onsdag at ein bil har køyrt utfor vegen på fylkesveg 55 ved Målsnes i Balestrand. 


To personar er involvert og desse er køyrde til Førde sentralsjukehus med ambulanse. 


Brannvesen og ambulanse er komne til staden. Vest politidistrikt opplyser at dei to i bilen har kome seg ut av bilen. Denne har store skader.


Utforkøyringa har skjedd i 80-sona og vegen var ein periode stengd då det var nokre ledningar som hang over vegbana. 


- Bilen har køyrt i ein lyktestolpe og hamna utfor vegen, seier operasjonsleiar Stein Rune Halleraker i Vest politidistrikt.


Han opplyser klokka 13.05 at vegen er stengd og at politiet er på veg til staden.