POPULÆRT OMRÅDE: Begge skreda har gått i eit populært utfartsområde på veg mot Blåfjell, opplyser Sogndal skisenter. (Skjermdump frå facebooksida til Sogndal skisenter)

To skred utløyste av skiløpar i Sogndalsdalen

Publisert 08.02.2019 kl. 13.32. Oppdatert kl. 13.49.

Sogndal skisenter opplyser på si facebookside at dei har fått inn melding om to skilauparutløyste snøskred fredag føremiddag.

Begge skreda har gått i eit populært utfartsområde på veg mot Blåfjell, eit middels stort flakskred nærmast Kupedn og Blåfjell, og eit litt mindre rett under Kambafjell. 

- Alt har gått bra. Men me vel likevel å informera om hendinga sjølv om det er eit stykke vekk frå skisenteret, heiter det på skisenteret si facebookside.

Det skal vera same personen som har utløyst begge skreda, og vedkommande var åleine.

Det er, ifølgje varsom.no, betydeleg skredfare i Indre Sogn.


Les meir om: Nyhende Fjellsport Sogndal