Storkontroll: På Håbakken kontrollerte Statens vegvesen 34 køyretøy torsdag på dagtid. To førarar vart politimelde, og fleire fekk gebyr og pålegg. (Arkivfoto)

To sjåførar melde til politiet etter omfattande kontroll

Statens vegvesen kontrollerte torsdag 34 køyrety, men hadde heile 93 køyretøy på kontrollplassen på Håbakken.

Publisert 14.03.2019 kl. 16.30.

Den eine sjåføren vart meldt for brot på bestemmelsane om køyre- og kviletid, brot på pausar og døgnkvile. Vedkomande hadde også køyrt periodar utan å bruka sjåførkort.


Den andre sjåføren vart meldt for overlast på personbil. Tillatt totalvekt er 3500 kg, medan bilen hadde aktuell vekt i kontroll på 4700 kg.


 


Pålagt å bruka kjetting

Pågrunn av dekk på semitralle som ikkje var eigna til køyring på snø- eller islagt veg, fekk to førarar pålegg om å bruka kjetting ved køyring på vintraføre.


Tilsaman vart 34 køyretøy kontrollerte. Tre hadde skriftlege manglar, fem fekk bruksforbod og ein vart avskilta.


Ein sjåfør mangla vognkort, og fekk gebyr for det.


 


Les meir om: Nyhende Lærdal

Siste saker Gå til framsida