To rapporterte til Skatteetaten

Publisert 03.09.2019 kl. 06.32.

Etter ein kontroll på Håbakken måndag kveld og natt til tysdag sender vegvesenet to rapportar til Skatteetaten grunna feil vektårsavgift på trekkbilane, opplyser vegvesenet.


Totalt 112 køyretøy var inne på kontrollplassen, og sju av desse vart plukka ut for vidare kontroll.


Føraren av eit vogntog vert meld til politiet grunna brot på vedtektene om køyre- og kviletid.


Ein førar fekk eit overlastgebyr på 3.800 kroner.


Les meir om: Nyhende Lærdal Notis Trafikk