HEKTISK: Politi og brannmannskap på veg til brannen som er meldt på Dalaker.(Foto: Sigrid Nese)

To brannar på under ein time

Brannmannskap er no ute for å sløkka brann nummer to på kort tid på Kaupanger.

Publisert 06.06.2018 kl. 18.40. Oppdatert kl. 19.09.

Klokka 17.24 rykte brannmnaskap og politi ut til ein skogbrann på Amla på Kaupanger.


Klokka 18.22 gjekk alarmen på ny. Denne gongen er det skogbrann på Dalaker på Kaupanger.


- Me har sendt mannskap til Dalaker, me veit førebels ikkje kor omfattande den brannen er, seier vaktleiar Frode Korneliussen ved Alarmsentralen til Sogn Avis klokka 18.36. 


Han fortel at ein del av brannmannskapet er att på Amla for å ettersløkka og kjøla ned brannstaden, medan resten av laget altså er ute på eit nytt oppdrag.


SISTE: Brannmannskap har kontroll over skogbrannen på Dalaker. - Det var ikkje store området det var brann i, opplyser Frode Korneliussen ved Alarmsentralen til Sogn Avis 18.57. 


 


Les meir om: Nyhende Sogndal