To av fem skal sova ute i sommar

Publisert 14.07.2019 kl. 09.29.

Trass labert vêr så langt, står friluftsliv høgt oppe på lista over folks ferieplanar. Nye tal fra Ipsos viser at to av fem planlegg å sova ute i naturen i sommar, anten i telt eller under open himmel.


-  Det er gøy at so mange planlegg å pakka soveposen i ferien. Me er derimot ikkje overraska over tala - det enkle friluftslivet er ein viktig del av den norske feriekulturen som framleis står sterkt, seier Lasse Heimdal, generalsekretær i Norsk Friluftsliv.


Ikkje overraskande viser undersøkinga at unge er mest ivrige på å sova ute.


I aldersgruppa 15-24 planlegg fleirtalet, heile 63 prosent, å overnatta ute i løpet av sommaren. Dei mellom 25 og 39 ligg ikkje langt bak. For denne gruppa er talet 54 prosent.


Siste saker Gå til framsida