Tilsette juridisk rådgjevar i nye Sogndal

Publisert 11.07.2019 kl. 18.40. Oppdatert kl. 19.21.

Helle Selseng er tilsett i stillinga som juridisk rådgjevar i nye Sogndal kommune.


Det melder nye Sogndal kommune på si facebookside.


Selseng jobbar per i dag ved Eigedomsmeklar Vest sitt kontor i Sogndal. Ho er utdanna jurist frå Universitetet i Bergen, og tek til i stillinga 1. november.


Stillinga vert sentralt plassert til rådmann, og vil ha ei nøkkelrolle i å vera med å byggja den nye organisasjonen.


Siste saker Gå til framsida