Til sjukehus etter arbeidsuhell

Publisert 12.01.2017 kl. 13.19.

Politiet fekk torsdag ettermiddag melding om eit arbeidsuhell i Høyanger. Ein mann fekk skade i ein fot under arbeid med ein minigravar, opplyser politiet.


Mannen vart send til Førde sentralsjukehus.


Politiet har vore på staden, og Arbeidstilsynet er varsla.


Les meir om: Nyhende Notis Høyanger Politi