MUSIKAL: Bursdagskonserten inneheld høgdepunkt frå dei tre skulemusikalane kulturskulen og ungdomsskulen har sett opp i operahuset sidan det opna for ti år sidan. (Foto: Svein Nesbakk)

Ti år med operahus i Nordfjord. No kjem statsministeren på besøk

For aller første gong vitjar ein statsminister Operahuset Nordfjord.

Publisert 22.04.2019 kl. 11.27.

Det skjer torsdag 25. april, på dagen ti år etter at operahuset vart offisielt opna av kulturministeren. Statsminister Erna Solberg får med seg litt av generalprøven til bursdagskonserten same kveld, når ho tek turen innom operahuset, vert det opplyst i ei pressemelding frå Operahuset Nordfjord.


Glad kultursjef

Eit hektisk program ventar statsministeren på turen hennar i Nordfjord. Ho skal til Gloppen omsorgssenter, Loen Skylift, Moods i Stryn og West Mekan på Nordfjordeid.


- Me er svært glade for at ho tek seg tid til ein tur innom oss, seier operahusleiar og kultursjef Geir Holmen.


Ti år etter

Det første statsministerbesøket i Operahuset Nordfjord skjer altså på dagen ti år etter at dåverande kulturminister Trond Giske opna huset offisielt 25. april 2009.


Då stod collagekonsert på programmet, som den offisielle festframsyninga.


Møter fleire

Statsminister Erna Solberg blir ønskt velkomen til Operahuset Nordfjord av Geir Holmen, ordførar Alfred Bjørlo og Høgre-politikar Tore Hjelle.


Ho skal også helsa på rektor Ove Bjørlo ved Eid vidaregåande skule, operasjef Kari Standal Pavelich og kunstnarisk leiar Michael Pavelich i Opera Nordfjord og husvert Kari Myklebust Hjelmeland i Operahuset Nordfjord.


Folkefest

Tiårsjubileet til Operahuset Nordfjord blir feira i heile år, med mellom anna skulemusikal, Fargespel og operaen Hans og Grete til hausten.


24.-28. april er det folkefest i fem dagar, med mellom anna familiedagar, vikingutstilling, kino og konsertar, går det fram av pressemeldinga.


Les meir om: Nyhende Kultur Musikk