- STERKE KANDIDATAR: - Me er glade for å sjå fleire sterke kandidatar til teatersjefstillinga, seier styreleiar Rasmus Mo ved Sogn og Fjordane Teater. (Foto: Espen Nyttingnes, Rakkar as)

Styreleiaren gler seg over gode søkjarar - desse har søkt stillinga som teatersjef

11 personar har søkt stillinga som teatersjef.

Publisert 02.10.2019 kl. 11.53.

Teatersjef Bodil Kvamme går av neste år, og Sogn og Fjordane Teater er i gang med rekruttering av ny leiar.

Målet er at ny teatersjef skal vera tilsett i løpet av 2019, med oppstart i januar 2021. Stillinga er eit åremål på fire år.

Søkjarlista består av 4 kvinner og 7 menn, og 2 av desse er unnateke offentlegheita.

- Me er glade for å sjå fleire sterke kandidatar til teatersjefstillinga. Ei sterk søkjarliste betyr mykje for teateret og syner at me er relevante og attraktive, styreleiar Rasmus Mo ved Sogn og Fjordane Teater.

Søkjarane til stillinga som teatersjef er:

  • Bjørnsgaard, Gunhild (53) Oslo, Co-programmerar/prosjektleiar
  • Vik, Idun (34) Bergen, Frilans regissør/skodespelar
  • Valiente Marcelino, Martin (55) Oslo, Frilans sceneinstruktør/skodespelar
  • Lundsholt, Cecilie (38) Frilans produsent/dramatikar
  • Pedersen, Jeff (41) Stongfjorden, Frilans regissør
  • Ulsberg Brager, Øystein (36) Oslo, Dramaturg åremål og frilans regissør
  • Wergeland, Eliane (30) Oslo, Arenaleiar og partnaransvarleg
  • Ristesund, Stig Andre (49) Oslo, Biletkunstnar/rekvisitør
  • Selvik, Espen (60) Oslo, Prosjektleiar/kulturskribent
  • Mann, Unnateke offentlegheit
  • Mann, Unnateke offentlegheit

Les meir om: Kultur Nyhende