NEDFALLSFRUKT: Otto Andersen ved Vestlandsforsking arbeidar med eit system der til dømes nedfallsfrukt kan nyttast i produksjon av nye bioprodukt. (Pressefoto)

Står klar med råd om bioavfall: - Dette er eit tilbod produsentar frå alle bransjar kan nytta

Netteneste gir svar på korleis bio-baserte restprodukt og avfall kan utnyttast.

Publisert 12.10.2019 kl. 15.30.

Treflis. Rekeskal. Nedfallsfrukt. Slam frå fiskeoppdrett. Slike biprodukt og biologisk avfall kan vera både kostnadskrevjande og vanskeleg å bli kvitt.


Vestlandsforsking tilbyr gjennom EU-prosjektet Enabling, rådgjeving frå verdsleiande ekspertar, via ein open og kostnadsfri nettportal, heiter det i ei pressemelding.


- Dette er eit tilbod produsentar frå alle bransjar kan nytta. Ein registrerer seg berre gjennom eit skjema på nettsidene og svarar på nokre spørsmål. Så kjem det respons frå ulike spesialistar. Det fortel forskar og prosjektleiar, Otto Andersen hjå Vestlandsforsking.


Sjølv har han spisskompetanse innan mellom anna utrekning av livsløpsutslepp, altså kor stort klimaavtrykk eit produkt set frå det blir produsert til det må skrotast, eller gjenvinnast.


Rask respons

- I Noreg er me nok generelt best på foredling og gjenbruk av restprodukt frå fiskeindustri og skogdrift, men våre partnerar over heile Europa står klare med råd og informasjon om det meste innan bioavfall, seier Andersen. Han oppmodar folk til å nytta seg av tenesta, som er enkel å ta i bruk.


- Du kan spørja om biomasse, bio-baserte produkter, innovasjon og teknologi, vitenskapleg litteratur, EU og nasjonalt lovverk og mykje meir, seier Andersen.


- Ein rådgjevar tek då kontakt med deg innan fem arbeidsdagar og hjelper deg med spørsmåla dine.


Permanent plattform

Enabling står for Enhance New Approaches in BioBased Local Innovation Networks for Growth. 16 partnarar i EU-land pluss Irland og Noreg deltek i dette Horisont 2020-prosjektet. Hovudmålet er å finna og støtta dei beste metodane for å utnytta bio-baserte restprodukt eller avfall frå både landbruk og anna industri.


- Prosjektet samlar og engasjerer partnarar for å etablera ei permanent innovasjonsmeklar-plattform. I framtida vil Enabling truleg også blir ein av dei viktigaste marknadsplassane kjøp og sal av slike ressursar på europeisk nivå, seier Andersen.