Stort ras tok straumen frå Gaupne til Luster

Det har gått eit større steinras i Gaupne.

Publisert 12.04.2019 kl. 09.53. Oppdatert kl. 10.11.

- I starten var straumen ute frå Gaupne til Luster, seier Anders Molland, everksjef i Luster energiverk, og opplyser at dei no har kopla om slik at folk har fått att straumen.


Ifølgje Molland gjekk raset klokka 9.32 og klokka 9.51 vart det meldt at straumen var attende.


- Me måtte gjera ein del omkoplingar manuelt.


Raset har gått mellom Bollingberg og Røslebakkane i Gaupne.


- Det var eit stort steinras, med veldig mykje røyk og bråk, fortel Molland.


Han har sjølv ikkje sett kva skadar raset har gjort.


- Må må vera forsiktige med å gå inn i området, men det er ikkje noko som er prekær for oss, me kan forsyna kundane frå andre stader.


Les òg: Truleg største raset i området på ti år - ingen hus trefte


Øvst i denne saka kan du sjå video frå raset. Film: Wenche Schanke Eikum/Innsendt


Les meir om: Nyhende Video Luster

Siste saker Gå til framsida