TILRETTELEGGJING: I besøksstrategien ser dei mellom anna på i kva grad ein skal ha tilrettelagte ilandstigningsplassar for padlarar langs fjorden. Her er kajakkpadarar på veg i land på Bakka. (Arkivfoto)

Stor auke i folk som vil oppleva naturen rundt Nærøyfjorden - laga strategi for å styra dei besøkjande

Nærøyfjorden verneområdestyre har i lengre tid jobba med ein besøksstrategi som no blir sendt ut på høyring.

Publisert 28.09.2019 kl. 12.30.

Besøksstrategien omhandlar verneområda i Nærøyfjordområdet med innfallsportar, går det fram av ei pressemelding.


- Eineståande kvalitetar

Styreleiar Noralv Distad seier at stategien skal søkja å oppnå ein god balanse mellom å ta vare på naturverdiane, gje gode opplevingar for besøkjande og leggja til rette for lokal verdiskaping.


- Området har eineståande kvalitetar, dei skal me verna om og forvalta til glede og nytte for fastbuande og dei mange besøkande. Styret vonar på stort engasjement i høyringsfasen, seier Distad.


Styra fersel på fjorden

I besøksstrategien blir det mellom anna sett på korleis ein kan styra ferdsel på fjorden slik at både reisande og innbyggjarar får gode opplevingar. Det blir vurdert i kva grad ein skal ha tilrettelagte ilandstigningsplassar for padlarar langs fjorden, og kva stiar og turmål som skal tilretteleggast for besøk, og kva område som bør haldast urørte.


- Me ser ein stor auke i folk som ynskjer å oppleva naturen rundt Nærøyfjorden, men det er ikkje alle område som toler større belastning. Då er det viktig å prøva å styra ferdsel til utvalde og godt tilrettelagte område, seier verneområdeforvaltar Jorunn Vallestad.


I strategien blir mellom anna Brekkefossen, Bakkanosi og Rimstigen peikt på som populære turmål som kan trenga større grad av tilrettelegging, medan Undredalshalvøya, Bleia-Storebotnen og Grånosmyrane er lagt fram som områder der ein bør unngå ny tilrettelegging.


- Dette er foreløpig eit framlegg, understrekar Vallestad, og legg til at dei gjerne vil ha innspel til kva område som bør tilretteleggjast og kva område som bør skjermast.


Høyringsfristen er 11. november.


Siste saker Gå til framsida