Stogga ikkje for kontroll - synte seg at det var fleire ting som ikkje var på stell

Publisert 14.08.2019 kl. 10.05.

Ein førar lét vera å stogga for kontroll på Håbakken natt til onsdag. Dette vart han meld til politiet for, og under kontrollen kom det fram at det var fleire ting som ikkje var som det skulle.


Føraren hadde hatt for lite kvile og hadde køyrt utan å ha kort i fartsskivaren. Føraren vart meld til politiet for brot på køyre- og kviletidsreglane. Same føraren vart også ilagt gebyr for ikkje å ha med vogntog til bil og hengar, opplyser vegvesenet.


Eit vogntog hadde tekniske manglar. Her hadde fristen for kalibrering av fartsskrivaren gått ut, og føraren fekk køyra til næraste fartsskrivarverkstad for kalibrering, melder vegvesenet.


Totalt 89 køyretøy var inne på kontrollplassen på Håbakken i Lærdal denne natta, av dei vart åtte plukka ut for vidare kontroll.


Les meir om: Nyhende Lærdal