Stengjer tunnel på rv. 5

Publisert 04.09.2019 kl. 13.43.

Amlatunnelen på riksveg 5 mellom Kaupanger og Mannheller kan bli stengd i periodar på inntil ein time på grunn av vedlikehaldsarbeid natt til torsdag og natt til fredag.


Arbeidet vil gå føre seg frå klokka 22 onsdag til klokka 06 neste dag, og frå klokka 20 torsdag til klokka 06 neste dag.


Kolonner vert forsøkte tilpassa ferjeavgangar, men bilistane vert oppmoda om å rekna god tid til ferja, heiter det i meldinga frå Vegtrafikksentralen.


Les meir om: Nyhende Notis Sogndal Trafikk