Stengde tunnelar etter nedfall frå tunneltaket

Publisert 09.07.2019 kl. 17.07. Oppdatert kl. 17.39.

Like før klokka 17 tysdag vart Flenjatunnelen, og seinare Gudvangatunnelen, på E16 stengd etter at ein lastebil hadde vore borti tunneltaket i Flenjatunnelen.


Vegtrafikksentralen melder at det var ein del nedfall frå taket.


Entreprenør vart sendt ut for å rydda opp. 


Klokka 17.32 blir det opplyst at tunnelane er opne att.


Les meir om: Nyhende Notis Aurland Trafikk