Vegen mellom Feios og Fresvik i Vik kommune er stengd. (Foto: (c)Kartverket/norgeskart.no)

Stengd fylkesveg- ny vurdering i dag

Fylkesveg 180 er måndag morgon framleis stengd.

Publisert 24.03.2019 kl. 19.15. Oppdatert kl. 06.39.

Fylkesveg 180 mellom Feios og Fresvik vart stengd fredag kveld ved Haukanes etter eit ras.


Gjennom helga har det vore noko uvisse kring kortid vegen kunne opna, men søndag ettermiddag vart det klart at det tidlegast blir måndag. Då skal det takast ei ny vurdering klokka 13.


- Raset er ikkje stort, men det er ein del usikre blokker att. Me har ikkje kontroll på om dette vil koma ned, så me vel å ikkje setja trafikk på, seier byggjeleiar i Statens vegvesen, Geir Ove Engebø.


Søndag viste det seg å ikkje vera mogleg å arbeida med helikopter, og eit klatrelag har vore oppe og laga klart til i morgon. 


Jobbar med løysingar

Ordførar i Vik, Olav Turvoll, seier at kommunen saman med fylkeskommunen arbeidar med å rigga alternativ transport. Søndag kveld gjekk det ein båtavgang, medan kva som skjer med eventuell transport måndag ikkje er avklara.


- Me oppdaterer fortløpande på kommunen sine nettsider, seier Turvoll, som har forståing for at det kan bli utfordrande over helga.


- Det er nok ein del pendlarar som skal på jobb.


Rådmann Oddbjørn Ese fortel at kommunen har kontroll på sine tenester for måndagen. Elevar som skal til Feios blir verande i Fresvik, medan heimehjelpstenester kan løysast i Fresvik. Ifølgje rådmannen vil Fresvik Produkt greia seg måndag.


Også fylkesveg 92 var stengd, ved Framfjordtunnelen.


Vegtrafikksentralen opplyser at vegen opna att ved 06.00-tida måndag. 


g


 


Les meir om: Nyhende Vik Trafikk