Stein rasa ut på fv. 55 - sperra eitt køyrefelt

Publisert 14.08.2019 kl. 12.32. Oppdatert kl. 12.39.

SISTE: Klokka 14.43 melder vegtrafikksentralen at vegen er rydda.


Ein stein har rasa ut på fylkesveg 55 i Fortun. Steinen sperrar det eine køyrefeltet, opplyser Vegtrafikksentralen klokka 12.28.


- Me har fått melding frå trafikantar at det har lagt seg ut ein ganske stor stein i vegbana, fortel Ove Amundsen på Vegtrafikksentralen.


Han fortel at entreprenøren er varsla.


- Eg ventar tilbakemelding frå entreprenøren, men trafikantane på staden seier at det er stengt for store køyretøy, opplyser han.


Les meir om: Nyhende Luster