Startar våronna i Årdal

Publisert 18.03.2019 kl. 15.32.

Årdal kommune set i verk vårreingjering gatelangs allereie frå neste veke, opplyser kommunen på sine heimesider. Den komande veka startar arbeidet øvst på Tippen.


- Deretter tek me fortløpande Vikadalen, Seimsdalen, Øvre Årdal og Utladalen over dei neste tre vekene, heiter det i ei melding.


Kommunen oppmodar folk om å feia sand og grus frå sine område ut i gatene, men ber om at det ikkje vert samla i haugar.


Les meir om: Nyhende Notis Årdal